| Betegnelse |
Namn |
Oversatt |
Kort forklart |
| OS |
Operating System |
Operativsystem |
Operativsystemet er programmet som får alle delane i datamaskina til å jobbe saman og som gjer at du kan bruke datamaskina. Uten operativsystemet hadde ein PC berre vore ein boks med delar som ikkje visste kva dei skulle gjere med kvarandre.
Eksempel på eit populært operativsystem: Windows XP.
|
| CPU |
Central Processing Unit |
Prosessor |
Prosessoren er hjernen i datamaskina. Det er prosessoren som i stor grad bestemmer kor rask datamaskina di er.
|
| RAM |
Random Access Memory |
Minne |
Minnet er korttidshukommelsen til PC-en. Jo meir RAM jo raskare vil PC-en halde seg over tid. Du slepper å restarte maskina for at den skal bli raskare.
|
| HDD |
Hard Disk Drive |
Harddisk |
Harddisken er hukommelsen til PC-en. Alt på datamaskina er lagra på harddisken. Operativsystemet, alle filer, alle bileter, alle filmar osv. |
| DVD-RW |
Digital Versitale Disc - Re-Writable |
DVD-brennar |
Delen i datamaskina som leser og brenner CD og DVD-plater. Alle DVD-brennarar kan lese og brenne CD-plater i tillegg. |
| WLAN |
Wireless Local Area Network |
Trådlaust nettverk |
At ei maskin har WLAN betyr at den kan kople seg på trådlause nettverk i nærheita, og dermed komme seg på internett. |