Hausten 1969 starta Herman Johansen med volleyballundervisning på elevkveldane på Førde realskule. Volleyballen vart i starten organisert som eit lag i regi av Førde gymnas.
I 1974 vart Førde vbk skipa fordi spelarar som slutta på skulen ville fortsette med volleyball. Dei som var med å skipa Førde vbk kom frå Viksdalen, Sande, Jølster, Førde og Naustdal. Spelarane i klubben avspegla det interkommunale samarbeidet som pressa fram både Førde realskule og Førde gymnas i indre-Sunnfjord.
I 1976 reiste Herman Johansen, for første gong, til skule NM med eit jentelaglag frå dåverande Førde gymnas. I 1979 spelte skulen seg fram til sin første NM finale. Sidan har skulen tatt 13 NM gull.
I 1999 tok Hafstad vid. skule dobbelt gull noko som berre har skjedd ein gong tidlegare (1982 i Mo i Rana).
I 1993 starta Magne Hornnes opp ei ungdomssatsing der elevar på Hafstad og Øyrane vid. skule deltok. Ideen var å legge til rette for at idrettstalent kunne kombinere utdanning med volleyballsatsing. I 1999 endra US navn til volleyballskulen i Førde.
I 1994 deltok dåverande Førde Gymnas og handelsskule, for første gong, i VM med eit gutelag. Lag frå den vid. skulen i Førde har deltatt i fire VM:
- VM i Frankrike 1994 11 pl. - VM i Slovakia 1996 16. og 17 pl. - VM i Hellas 1998 14. og 17. pl. - VM i Portugal 2000 18. og 22 pl.
Sunnfjord folkehøgskule starta opp med ei volleyballsatsinga i 1995. Dette er eit tilbod til spelarar med høge volleyballmotiv. I 1998 deltok skulen for første gong i skule NM og tok 4. og 5. pl. I 1999 tok skulen to bronse medaljer og i 2000 vann Sunnfjord folkehøgskule , som første folkehøgskule, gull for jenter.
Hausten 1999 startar Hafstad vid. skule, Øyrane vid. skule og Sunnfjord folkehøgskule ein formell volleyballskule der elevane på tvers av skulegrensene kan trene samstundes i Førdehuset. Elevar som går på Mo og Jølster vid. skule og på Førde tekniske fagskule kan også koblast opp mot volleyballskulen.