INTERNASJONAL AKTIVITET.
MED SUNNFJORDINGAR UT I EUROPA.
Sommaren 1993 spurde vi Firda Billag om dei ville vere med på ta sunnfjordingar ut i Europa for å møte dei beste volleyballspelarane på sin alder. Transportavtalen med Firda Billag vart ein hjørnestein i volleyballskulen si satsing.
Vi tenkte slik. Skal norsk volleyball verte betre må vi:
- trene meir (500 timar i året),
- for å trene mykje må vi ha spanande målsettingar (m.a. internasjonal aktivitet),
- spele mange kampar mot gode motstandarar,
- tørre å møte utanlandske lag i ung alder,
- lære å reise, trene, oppleve, sove lite og prestere,
- delta på internasjonale turneringar og
- delta i internasjonale meisterskap (VM for vid. skular).
JORDA RUNDT MED FIRDA BILLAG.
I perioden 1993/99 har vi i lange periodar levd i Firda Billag buss 55 020. I 1994 køyrde vi i løpet av sesongen 14 000 km med buss. Det tilsvara distansen Førde-Moskva-Vladivostok-Bejing til Hong Kong. Vi har for sikkert køyrd rundt jorda ved ekvator (ca. 42 000 km). Vi gjorde ein mediasak rundt busskøyringa der vi skreiv Hong Kong som reisemål på bussen og fekk aviser på plass. Det er mogeleg trafikksjef Jon Austrheim på Firda Billag ei stund trudde at neste turneringa skulle gå i
Hong Kong.
UNDERVEGS MED BUSS 55020.
Hausten 1998 var volleyballfolket invitert av MDK Warszawa til Polen. Dersom vi skulle ta buss ville
reisetida utgjere 5 dagar. Vi serverte eit opplegg med fly tur retur Bergen-Warszawa, men spelarane ville reise med buss. Det var mykje rimelegare og vi oppdaga at volleyballfolket var blitt bussfrelste.
Vi måtte organiserte to-sjåførsystem på strekket Førde-Faldköping og bussinga og aktiviteten i Polen strekte seg over 11 dagar.
BUBUSS.
Her finn du nokre klassiske sovebilete frå våre jordomseglingar med Firda Billag buss 55020.
VM I VOLLEYBALL FOR VIDAREGÅANDE SKULAR.
Via ein tyrker som arbeidde i utanlandsavdelinga i NRK fekk Magne Hornnes i 1991 vite om International Schoolsport Federation (ISF) som arrangerte VM i skulevolleyball. Dette er eit 17 års meisterskap og har ingenting med Nvbf’s Meisterskap for vid. skular å gjere. ISF sin samarbeids-partnar i Norge er Landslaget fysisk fostring (LFF) som har sitt kontor i Tønsberg. ISF sitt hovudkontor ligg i Wien i Østerrike. VM i volleyball vert arrangert annakvart år og Norge hadde aldri deltatt i meisterskapen.
Sunnfjordingane tok sjansen og melde på eit gutelag frå dåverande Førde gymnas og handelsskule, tok ferja til Kiel, og køyrde nedover på kontinentet. I Nederland overnatta vi i idrettshallen til Piet Zoomers i Morellenlaan i Apeldoorn. Vi hadde avtala treningskamp mot deira juniorlag. På veg inn i hallen møtte vi lange mennesker frå 200 cm og oppover. Heldigvis var det seniorlaget til Piet Zoomers som kom for å trene. Seinare på kvelden slo vi 17 års laget til Piet Zoomers 2-1. Nederlendarane gjekk i den fella at dei undervurderte sunnfjordingane. I tillegg hadde vi Ivar Horrem frå Aukra som varierte mellom å slå hardt, kjempehardt og megahardt. Han lærte å dippe nokre år seinare.
I VM i Paris i 1994 deltok 48 nasjonaslag (24 lag i kvar klasse). ISF meistersken er dominert av europeiske lag, men store volleyballnasjonar som Kina, Peru og Canada deltar. I opningskampen møtte vi Tyrkias juniorlandslag som var samla på ein vid. skule i Istanbul og prega av alvoret tapte vi 4-15 og 4-15. Seinare slo vi Nederland (2-0) og Italia (2-1) og vart nr. 11. Då gjer det ingenting å skulle køyre 1 400 km heim att.
I 1996, 1998 og 2000 har skulelag frå den vid. skulen i Førde deltatt med jente- og gutelag.
- 1994 - Paris - 11. pl.
- 1996 - Komarno - 16. og 17. pl.
- 1998 - Athen - 14. og 17. pl.
- 2000 - Porto - 18. og 22 pl.
I VM i Portugal var Norge den einaste nasjonen som hadde både jente- og gutelaget frå same
skuleområde. Laga frå den vid. skulen i Førde er også unike i den forstand at dei nok er dei einaste som deltar i eit VM utan tunge sponsorar i ryggen. Dei fleste deltakarskulane får reisa finansiert av
skule, forbund eller solide samarbeidspartnarar. Å delta i eit VM krev stor eigeninnsats i form av dugnadar og anna arbeid. Enorm innsats frå elevane, foreldrene, klubb, skule og samarbeidspartnarar har gjort det mogeleg å delta i fire VM i rad.