Tlf. 48 00 00 41. magneoh@c2i.net
VOLLEYBALLSKULEN.
FOKUS 2001/02.
1.0. NM i VOLLEYBALL FOR VID. SKULAR – FEBRUAR
2002.
1.1.
Hafstad vid. skule sitt jente- og gutelaget saman med
mikslaget til Sunnfjord folkehøgskule deltar i skule NM på Stord 1.-3. februar
2002. Laga reiser i felles buss til NM.
2.0. POLEN-FØRDE SAMARBEIDET – APRIL GLACIER
CUP.
2.1.
Førde vbk/volleyballskulen samarbeider med
volleyballgymnaset i Warszawa og Lks Jutrzenka. Lks Jutrzenka har deltatt på
Glacier Cup i Førde fleire gonger. I 2001 deltok laget i sluttspelet i det
polske juniormeisterskapen og kunne ikkje reise til Norge. Lks Jutrzenka er
invitert til Glacier Cup 2002 som vert arrangert 13.-14. april. Dei beste jr.
19 laga i Norge vert invitert til turneringa.
3.0. USA - SUNNFJORD SAMARBEIDET – SEPTEMBER
2002.
3.1.
12. september 2001 skulle eit samansett jentelag frå Førde
vbk og Tambarskjelvar i.l. fly via Amsterdam til Seattle, USA. Reisa var i regi
av Kent-Sunnfjord Sister City samarbeidet. Eit jentelag samansett av elevar frå
vid. skular i Kent Schooldistrict, Seattle, USA, gjesta Sunnfjord vinteren 2001
med Tambarskjelvar i.l. som vertskap. 11. september 2001 vart World Trade
Center i New York øydelagt i eit terrorangrep og volleyballturen måtte
avlysast.
3.2.
Amerikanarane har komme med ny invitasjon. Jentelaget, som
består av elevar frå Hafstad
vid. skule, legg ut på eit nytt forsøk i september 2002. I løpet av ei veke er sunnfjordingane involvert i profilering av Norge gjennom offisielle tilstellingar, treningskampar mot fleire vid. skule og deltaking i volleyballturnering for staten Washington.
4.0. LANDSLAGSSPELARAR.
4.1. Førde
vbk og Tambarskjelvar i.l. er to av dei fremste rekrutteringsklubbane for
landslags-spelarar i Norge. Sist sesong spelte Susanne Kalstad, Beate Tveita,
Kristine Fossen og Arne Schei på juniorlandslaga og deltok på nordisk
meisterskap.
4.2. Sidan 1978 har 51 spelarar frå dei to
klubbane erobra juniorlandslaget. 18 spelarar har erobra seniorlandslaget og 7
har vorte profesjonelle i utlandet.
4.3.
Juniorprogrammet i klubbane og volleyballskulen legg til
rette for at spelarar med høge volleyballmotiv kan erobre landslaget.
5.0. STYRKETRENING – PULS GRYTTEN.
5.1.
Førde vbk/volleyballskulen samarbeider med Puls Grytten om
styrketrening og fysioterapi.
Grunnkurselevane
køyrer grunnleggande styrketrening. F.o.m. VK1 får dei lov til bruke tyngre
vekter. Lege Svein Welle og Puls Grytten syter for den idrettsmedisinske
kompetansen.
Gjennom tre
år i den vid. skulen skal dei ha bygt ein fysisk plattform for å spele
volleyball på høgt nivå.
6.0. NM JR. 19 – APRIL 2002.
6.1.
Landsfinalen for jr. 19 lag er hovudmålet for sesongen
2001/02.
Tlf. 48 00 00 41. magneoh@c2i.net
VOLLEYBALLSKULEN.
UNDERVISNINGSTILBOD
SKULEÅRET 2001/02.
1. VALFAG VOLLEYBALL TRINN 1.
Valfag volleyball trinn 1.
Elevane går
på GK og VK1 på Hafstad vid. skule.
2
t/v lagt til tirsdag og onsdag 1530-1800.
Evaluering:
Karakter.
Innhald:
Eigen fagplan.
KOMMENTAR:
Eit tilbod retta mot kull 2001/04. Dette er den neste store
volleyball-generasjonen med mange volleyballspelarar frå Jølster, Førde, Gaular
og Naustdal.
2. SUNNFJORD FOLKEHØGSKULE -
VOLLEYBALLSATSINGA.
Elevane går på Sunnfjord folkehøgskule.
4 t/v lagt
til mandag, tirsdag og onsdag.
Evaluering:
Deltatt.
Innhald:
Eigen fagplan.
Dette
skuleåret er 22 volleyballspelarar knytta opp mot volleyballsatsinga på
Sunnfjord folkehøgskule. Seks gutar og fire jenter er knytta opp mot ei
toppidrettssasting medan 12 jenter har eit trimmotiv.
3. VALFAG VOLLEYBALLINSTRUKSJON/TRENAR
1.
Dette
undervisningsopplegget er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane idrettskrins
(SOFIK), Sogn og Fjordane volleyballkrins (SFVBK), Hafstad vid. skule og
Sunnfjord folkehøgskule.
Undervisninga
vert m.a. lagt til helgasamlingar/treningssamlingar gjennom året og tilsvarar
eit 2 t/v valfag.
Valfag
volleyballinstruksjon/trenar 1 er primært retta mot dei eldste deltakarane i
volleyballskulen - elevane som går på VK2 på Hafstad vid. skule,
volleyballelevane på Solvang og lærlingar i den yrkesfaglege studieretninga.
Innhald:
Norges volleyballforbund si Trenar 1 utdanning + eigen fagplan.
Prosjektoppgåve
går inn i undervisninga.
Evaluering:
Karakterar.
4. VALFAG PÅ KONTRAKT.
Godkjent
styrketreningsopplegg etter avtale med kroppsøvingslærar.
Minimum 30
økter i løpet av skuleåret.
1 t/v eller 2
t/v etter avtale.
Evaluering:
Deltatt.
Godkjent
treningsprogram utarbeid av Puls Grytten.
5. TRENING I KLUBBREGI.
Treningane på kveldstid i regi av Førde vbk og Tambarskjelvar vert koordinert med treningane på dagtid/ettermiddag i regi av volleyballskulen. Deltakarane har frå 3-5 balltreningar for veka. I tillegg kjem styrketrening, turneringar, kvalifiseringar og seriespel.